Utvikfjellet

På Utvikfjellet finn du eit flott utgangspunkt for mange turar både sommar og vinter.
Parkeringsplassen ved skisenteret er tilrettelagt med straumuttak for bubil/campingvogn som ein kan leige pr. døgn.

Det er tilrettelagt flott veg utover fjellet i retning mot Sandane. Her kan ein gå eller sykle den såkalla Futevegen som er opparbeidd av grunneigarar og Breimsbygda IL. Frå denne vegen kan ein enkelt nå toppar som Fløtravarden, Snøfjellet, Dunheia og Blånibba.