Bergheimsvatnet

Bergheimsvatnet er eit særs godt ørretvatn. Bokstavleg talt berre eit steinkast frå E39. Godt fiske i heile vatnet, men spesielt bra rundt Hjellesanden. Ein massiv sandbanke som elva har lagt att, strekker seg omlag halvveis ut i vatnet. Her treng ein vadeutstyr eller båt i store delar av sesongen. Vatnet er sterkt brepåvirka. Det vil difor, etter snøsmeltinga er ferdig, ha ein sterk blå/grå farge med lav siktedjup. Storleiken på fisken ligg gjerne mellom 300-600g.

Naturmøteplassen ved Bergheimsvatnet ligg flott til i enden av vatnet ved Hjellebrua. Gapahuken som er satt opp av Eggenipa 4H med støtte blant anna frå Breim vilt- og fiskelag.

Tidleg på sesongen før snøsmeltinga er sandbanken ´Hjellesanden´ mogleg å fiske frå. Her er snittvekta 570gram.

Fakta om Bergheimsvatnet: 

  • Areal (km²) 0.512
  • M.o.h: 138
  • Fiskekort: Sone 1 – Breim
  • Anslått fiskeproduksjon 256 kg/år