Svartebotn

Eit fantastisk fjellvatn (1021moh) under Myklebustbreen. For dei som set pris på storslagen natur og aure av flott kvalitet er turen inn i Svartebotn ei absolutt perle. Toppane som kransar rundt vatnet ragar frå 1350 til 1700 moh. Om du likar å kombinere fisketuren med toppturar er Svartebotn eit godt utgangspunkt. Det finns to utleigehytter ved vatnet, ei ved sørenden og ei på austsida. Desse kan tingast på Byggtorget på Byrkjelo. Sjå meir info om hytter i eige mneypunkt øverst på sida. I tillegg står der to blekkhytter opne for almenta.

Vatnet er som regel først isfritt tidleg/medio juli og kan som regel fiskast ut september. Fisken er av beste kvalitet. Vanleg storleik mellom 3 og 9hg og blodraud i kjøtet. Tilkomst frå Sandal i Myklebustdalen og frå Utvikfjellet på merka turstiar.