Lonevatnet

Lonevatnet ligg halvannen km nedanfor utløpet av Sandalsvatnet. Etter kraftutbygging for nokre år sidan er området ved inntaksdammen blitt eit fint rekreasjonsområde. Dette er ein flott plass for store og små fiskarar. Tilkomsten her er enten frå anleggsveien via meieriet på Byrkjelo, eller over brua ved det gamle utoset. Vatnet er på det jamne relativt grunt. Berre under fossane på austsida er det bra djupne. Her finn du og dei beste fiskeplassane.

IMG_5284

Fakta:

  • Areal (km²) 0.056
  • M.o.h: 270
  • Fiskekort Sone 1 - Breim
  • Anslått fiskeproduksjon 28 kg/år